Mandagstrening

"Ein lydig hund, er ein lykkelig hund"
«Ein lydig hund, er ein lykkeleg hund»

Mandagstrening er ein sosial lydigheitstrening som foregår på utstillingsplassen i Førde kvar mandag (som ikkje er rød dag) fra kl. 19.00. Varer i ca 1 time.

Denne treninga er åpen for ALLE! Det er ikkje noko krav om medlemskap i klubben, eller betaling for å være med.

To instruktørar fordeler hundane mellom seg; kvalpar for seg, vaksne/vidarekomne for seg.

Hovedfokus med denne treninga er at hundane skal bli sosiale og fungere i samarbeid med eigar, til tross for den distraheringa som andre ekvipasjar gir. Her trenar vi på enkle øvelsar (kvardagslydigheit) som for eksempel kontakt, innkalling, gå pent i band osv. Vi har fokus på kontakt mellom hund og førar!

Det er spesielt viktig for kvalpar å være med på desse treningane; veldig bra sosial –og miljøtrening. Kvalpen lærer seg korleis den skal omgås andre hundar, det er og muligheit for kvalpen å få hilse på hundar av ulik rase og alder, og venne seg til ein del «støy» og nye steder.

 

Kontaktperson: Irene M. Sønnervik – tlf. 478 88 940 – [email protected]