Lydigheitstrening

Lydigheit – for hundar av alle rasar og blandingar!

I ein lydigheitskonkurranse skal ein utføre fast bestemte øvelsar og ein dommar bedømmer om ein har klart dei riktig.

Det er inndelt i fire klassar. Alle kan starte i klasse 1, deretter krev det ein viss poengsum for å kunne starte i klasse 2, klasse 3 og Elite klassen. Les meir om regelverk og dei ulike øvelsane her

I lydigheitsringen ser ein hundar av nesten alle rasar og førera i alle aldrar.

Dei har alle ein ting felles: Gleden av å arbeide og samarbeide med hunden sin!img_4502

Kvar onsdag er det lydigheitstrening kl 19.30. Fra september-april trenar vi i ridehallen på Tefre, mens fra april-september trenar vi ute på utstillingsplassen til same tid. Treninga er åpent for alle som er medlem i klubben. Det er ingen instruktør på desse treningane, men vi hjelper kvarandre.

På desse treningane videreutvikler vi kvardagslydigheiten, treninga er meir retta mot konkurranse, men absolutt ingen krav – å trene lydigheit med hunden sin er ein fin måte å aktivisere den på og samtidig gi den mental stimulering.

 

Kanskje dette kan være noko for deg og din hund?

Velkommen til trening!

 

Kontaktperson: Katrin Bøyum – tlf. 957 78 787 – [email protected]