Blodspor

Tenk deg ein usynlig sti i skogen som har så sterkt drag på hunden at den bare MÅ finne ut kva dette er.. Tenk deg ein aktivitet som styrker bandet mellom hund og førar på ein heilt spesiell måte.. Tenk deg ein muligheit for å kunne gå bak hunden og verkeleg observere kva den gjer, og korleis den fungerer.. Blodspor er ein spennande og engasjerande aktivitet både for hund og førar. Det er enkelt å komme i gang med blodspor, og Gina valphund og førar lærer å samarbeide på hundens premisser.

I løpet av året blir det minst fire treff/treninger. Vi satsar på sosiale samlingar der det er lagt til rette for  at ein kan ta med heile familien. Sporene legger vi ut ut dagen før, og blir tilpasset nivået på hunden. Alle som vil være med på sportreffa må være med å legge ut spor til ein av dei andre. Ein kan trene blodspor kun for aktiviseringens del, for å starte i konkurransar eller for å utdanne hunden til godkjent ettersøkshund.

Har du lyst å trene sporhunden din i lag med andre?
På grunn av lite interesse for blodsporsamlinger tidligere, har det ikkje vore felles treninger i år (2014). Har du lyst å være med å trene hunden på blodspor, ta kontakt med Ann-Kristin og avtal tid og stad. I mørketida er det hovudsakleg helgesyssel, og det går med tid både for å legge spor ein dag og gå det dagen etter.

Arrangement blir annonsert her på heimesiden. Følg også med på Førde brukshundklubb si Facebookside.

Ansvarlige for blodsporgruppa: Anita E. Hole tlf: 480 29 227 og Ann-Kristin Gaare tlf: 412 00 591

 

  • people image

    Anita E Hole

    NKK Trinn 1 instruktør, Blodsporinstruktør
    Tlf: 480 29 227
  • people image

    Ann-Kristin Gaare

    Blodsporinstruktør
    Tlf: 412 00 591