Kurs: Hundetrening fra A til Å

FRA HUNDENERD TIL HUNDELÆRD

Å lese hund, samt forstå kva som skjer i forskjellige situasjonar er to viktige nøkkelord for å bli ein god hundetrenar. Kurset tar for seg hundetrening fra A til Å, og er meint å gi deg som hundetrenar ein bedre verktøykasse for vidare trening.

Førde Brukshundklubb arrangerer kurs 29-31. mars 2019 i Førde

Det er eit teoretisk kurs, der tema blir visualisert igjennom videoklipp, diskusjonar og eventuelt demonstrasjon med hund. Det blir utlevert kursmateriell og oppgåver som kan bidra som hjelp i trening.
Det å være god i teori er ein ting – men korleis kan vi nytte oss av teorien i praksis?
Forståelse, bevisstgjøring, kva verktøy har vi – og korleis benytter vi dei?
Kva er ei vellykka trening? Kva lærer hunden – kva lærer vi?
Kva treningsmetodar passer til kvar enkelt hund og menneske?

Målsetjinga med dette kurset er å gi deg all den grunnleggande teoretiske kunnskapen ein trenger for å bli ein god hundetrenar. Lære deg å kartlegge hunden og deg sjølv som hundetrenar.

Kurset passer for alle som vil lære meir om hund og hundetrening, uansett kva nivå ein er på!

Eksempel på innhald:
• Genetikk og mentalitet
• Korleis påverkar hundens medfødte eigenskapar den i trening
• Læringsteori i praktisk hundetrening
• Belønningsteori, belønningstyper og belønningseffekter
• Fordeler og bakdeler med forskjellige belønningstyper
• Motivasjonsteori
• Praktisk hundetrening, planlegging og oppbygning
• Hjelpeøvelser og belønningsøvelser
• Problemløsning og problematferd
• Hundefører og konkurransehunden

Instruktøren på dette kurset er Cathrine Sallaup, ho har vært aktiv med hund i over 20 år. Cathrine har ført opp to hunder til lydigheit klasse 3 og to hunder til lydigheit Elite og ein hund til rallylydigheit Elite. Ho har også bl.a. ført opp fire hunder til øverste klasser i RIK programmet og deltatt på fleire NM i bruks for schäferhunder og FCI IPO NM. I 2016 blei ho også tatt ut til landslaget som representerte Norge ved Nordisk mesterskap i IPO.

Cathrine har sidan 1997 hatt stor interesse for mentaltester og har i den forbindelse tatt utdanning som både figurant, testleder, Karaktertestdommer og mental beskriver på hund (MH).
Ho er også oppdretter. Det å være oppdretter har ført til ein stor interesse rundt dette med genetikk rundt eigenskapar og mentalitet, samt korleis ein oppdretter kan påvirke eit kvalpekull med riktig pregning, sosialisering og miljøtrening.
Ho utdanna seg som NKK trinn 1 instruktør i 1998, videreutdannet seg som trinn 2 lydighetsinstruktør i 2009 og blei i 2016 autorisert som rallylydighetsinstruktør. Til daglig jobber ho som instruktør i Doglife Hundetjenester.

Kurset går over tre dager; fredag (kveld) 3-4 tima, laurdag 6-7 tima og søndag 5-6 tima.

Pris 1800,- Betales inn til Førde Brukshundklubb sin konto: 3700 20 28310 merk betaling med «A til Å».

Påmeldingsfrist 11. mars 2019

Påmelding er økonomisk bindande etter påmeldingsfristen.

For påmelding eller spørsmål, kontakt Katrin Bøyum – [email protected]

 

Velkommen til ei lærerik helg!