Invitasjon til årets hund-cup

Førde Brukshundklubb inviterer med dette alle medlemer i klubben til å delta på årets-hund cup. Det er to kåringar, årets utstillingshundog årets brukshund.

Styret har vedtatt at for utstillings-cup’en er det kun oppnådde resultater registrert i Dogweb Arra som vert tatt med i berekninga.

For kåringa av årets brukshund har styret vedtatt at ein legg inn Rallylydigheit som eit teljande arrangement.

 

Du melder deg på ved å sende mail med registreringsnummer på hunden til: [email protected] INNAN 10. januar 2018. Vinnarane vert kåra på årsmøtet den 22. februar 2018.

 

Er du nytt medlem og ikkje veit kva dette betyr? Kort fortalt: Har du og hunden din deltatt på f.eks utstilling og fått t.d. cert eller BIR, og dette er ei utstilling som er offisiell, så vil dette kunne gje poeng.

Det same gjeld også for bruksstevner. Og i år har ein altså lagt til Rallylydigheit.

Har du og hunden din deltatt på noko i 2017, meld dykk på og ver med i kåringa av årets hund.