Førde Brukshundklubb arrangerer kvalpekurs 9. – 10. september med teorikveld 7. september 2017.
Kurset inneheld blant anna ei innføring i grunnleggande kvardagslydigheit og problemstillingar som ein kan møte i kvardagen som hundeeigar. I løpet av kurset vert det også gjeve tips til korleis ein kan aktivisere hunden i det daglege. Kurset passar for hundar inntil 8 mnd gamle.
Kurset startar med ein teorikveld og to dagar med praktisk trening.
Torsdag 7. september: teori (kveldstid), på Mo og Øyrane Vidaregående Skule (avdeling Mo).
Laurdag 9. september: praktisk trening kl. 10.00 på Tefre ridegard.
Søndag 10. september: praktisk trening kl. 10.00 på Tefre ridegard.
Pris kr. 1000,- (medlemmar) / kr. 1300,- (ikkje medlemmar).
Betalast inn før kursstart til konto 3700 20 28310. Merk betalinga med «Kvalpekurs og ditt namn».
Påmeldingsfrist 24. august 2017.
Ved spørsmål kontakt Irene M. Sønnervik ([email protected]).
Velkomne til kurs!