Rallylydigheitskurs helga 21.-23. april 2017

I helga som var vart det gjennomført kurs i Rallylydigheit i ridehallen på Tefre. Det har vore stor pågang, så me opna opp for observatørplassar. Totalt var det på laurdag 11 ekvipasjar og ein observatør og på søndag var det 12 ekvipasjar og ein observatør. Me har fått svært gode tilbakemeldingar på kurset, og me håpar at dette kan gje kursdeltakarane meirsmak, og at dette er ein aktivitet som vil vokse i tida framover. Nedanfor kan dykk sjå bilete frå helga. Me vil få takka alle som deltok på kurset.