LP konkurransekurs med Lotta Linusson

Førde Brukshundklubb arrangerer
LP konkurransekurs 26-27 september 2015

For å lykkast i konkurranse og for å oppnå gode resultat, er det svært viktig at du som hundeførar planlegg treningsøktene godt. Det er noko av det vi skal sjå nærmare på under kurset. I tillegg til alle øvelsane hunden må kunne, må hunden være konsentrert og fokusert på det den skal gjere for å kunne prestere i konkurranse. Korleis kan vi bygge opp hundens utholdenhet, slik at vi er godt forberedt til ein konkurranse?

Tema for kurset er: Få struktur i treninga – lykkast i konkurranse!
Korleis kan vi bygge opp hundens utholdenhet, forstyrrelse mestring, fokusering og konsentrasjon.

I løpet av dette kurset vil du få hjelp til dei øvelsane du sjølv ønsker.LottaL

Instruktør: Lotta Linusson. Lotta er lagleiar for det svenske LP landslaget. Sjå presentasjon av Lotta HER

Lotta er ein dyktig instruktør, som får med seg den minste detalj hos ekvipasjen. Ho er flink til å formidle sin kunnskap og god til å gi individuelle løysingar.

Maks 8 ekvipasjer med hund. Kan også delta som obsvervatør. Kurset er for vidarekommande.
Tidspunkt for begge dagane: kl. 09.00-17.00.
Laurdag starter vi med litt teori.

Sted: Tefre ridegard.

Pris kr. 2200,- (medlemmar) kr.2600,- (ikkje medlemmar). Pris observatør kr. 650,-
Betales inn før kursstart til konto 3700 20 28310.

Ved spørsmål/ påmelding kontakt Katrin Bøyum – [email protected] / 957 78 787
Påmelding og betalingsfrist; 20. juni 2015